Hardingfelespelar Sivert Holmen legg ut på ny vandreturné sommaren 2026. Turnéen er inspirert av to hardingfelelegender og vandrepionerar, Knut Lurås (1782 1843) og Jørn Hilme (1778–1854), og ruta går frå Luråsgrend i Tinn til Fagernes i Valdres.
Langs den om lag 200 kilometer lange ruta blir det åtte konsertar, og i kveld blir turnén avslutta med konsert på Valdres Folkemuseum. Kvar konsertplass får sin unike konsert med lokale låttar, musikalske forbindelsar mellom den aktuelle staden og Lurås/Hilme, og improvisasjon over dagens vandring. På denne siste og avsluttande konserten blir temaet ingen ringare enn Jørn Hilme sjølv. I tillegg vil også Sivert dele frå turen han hatt.
Velkomne til ei eksklusiv konsertoppleving i fotspora til Jørn Hilme og Sivert Holmen.
Prosjektet er støtta av Kulturrådet.
Medverkande:
Sivert Holmen, hardingfele
Foto: Jørn Ranum
For meir informasjon om vandreturneen, sjå heimesidene til Sivert.