Det er langt frå Hallingdal til Syria. Skal du køyre frå Ål til Homs, er det 4788 kilometer som skal tilbakeleggast før du kjem fram. Men musikalsk er det ikkje store avstandar. Noko gruppa Spove viser oss denne kvelden. Dei fire musikarane finn ekko og gjenskin i melodiane, eit spontant og ukuratert kulturmøte som handlar like mykje om det mellommenneskelege og venskap som forsking i tradisjonsmusikk. No møtest dei i Festsalen på Valdres Folkemuseum, og du er invitert med!
Folkesongarane Silje Risdal Liahagen og Nawara Alnaddaf syng på kvar sitt morsmål, medan Inger Hannisdal på fele har ein fot i kvar tradisjon. Saman med Adrian Myhr på kontrabass vev dei norsk og syrisk folkemusikk saman i eit forunderleg lappeteppe.
Spove starta på ein fest. Folkesongane frå Hallingdal, som Silje Risdal Liahagen song, fascinerte felespelar Inger Hannisdal. Hannisdal har studert arabisk musikk i Libanon. Ho beit seg særleg merke i tonaliteten Silje hadde, og bruken av kvartonar. Dette likna på den arabiske musikken ho sjølv hadde studert. Vidare vart Silje introdusert for Nawara Alnaddaf, ein annan Oslo-basert vokalist og musikar opphaveleg frå Syria, og dei tre begynte å spele saman. Seinare fekk dei med seg Adrian Myhr på kontrabass, og Spove vart til - oppkalla etter den store trekkfuglen med den vakre songen.
Medverkande:
Nawara Alnaddaf, vokal, oud, ney, lyre
Silje Risdal Liahagen , vokal
Inger Hannisdal, fele, oktavfele, hardingfele, daf
Adrian Myhr, kontrabass
Foto: Simon Matthew Valentine