Vi er svært glade for to av dei fremste tradisjonsberarane av den kraftige og myteomspunne musikken frå Setesdal vil ta turen til Valdres og Hilme. Med hardingfele, munnharpe og song vil Kirsten Bråten Berg og Daniel Sandén-Warg ta oss med på reise i stev og tonar etter kjelder som Knut J. Heddi, Andres K. Rysstad, Torleiv H. Bjørgum, Tarjei og Gro Heddi Brokke.
Både Kirsten og Daniel har lært direkte av mange tradisjonsutøvarar i Setesdal, og begge har dei jobba mykje med arkivopptak. Begge kan dei smykke seg med fleire utgjevingar og gode plasseringar på kappleik. I tillegg vart Kirsten Bråten Berg utnemd til riddar av 1.klasse for sin innsats som kunstnar og kulturformidlar.
Her må du vere tidleg ute for å sikre deg plass. Vel møtt til ei stor stund i Festsalen!
Medverkande:
Kirsten Bråten Berg - Kveding
Daniel Sandén-Warg - Hardingfele og munnharpe
Foto: Gorrlaus