«Melodisk hev sogneslåtten eit eige lag til å tumla seg gjennom store intervall, og sluttkadensen kjem ofte noko brått og uventa. Det lydiske draget er særs sterkt i desse slåttane». Dette er eit sitat frå Arne Bjørndal som omtalar slåttematerialet frå Indre Sogn. Og det er nettopp desse enkle, rytmisk sterke og kraftfulle slåttane etter søskenparet Sigurd og Johanna Eldegard duoen Høgemo/Viken har fordjupa seg i.
Håkon Høgemo kjem frå Årdal i Sogn og er djupt planta i hardingfeletradisjonen derfrå, medan Erlend Viken har feletradisjonen frå Oppdal i Trøndelag som sitt musikalske heimland. Dei møttest første gongen som læremeister og elev, då Håkon underviste Erlend i hardingfele ved Norges musikkhøgskole i Oslo. Erlend fekk raskt augo opp for Håkon sitt spel, slåttane frå Årdal – og ikkje minst slåttane etter Eldegard-slekta.
Medverkande:
Håkon Høgemo, hardingfele
Erlend Viken, hardingfele og oktavfele
Foto: Eirik Havnes