Karl Seglem, ein av dei fremste musikarane på bukkehorn og tenorsaxofon har eit imponerande driv til stadig å utforske tilhøva mellom folkemusikk og jazz – og alt rundt. Det er vanskeleg å setja ein merkelapp på Karl Seglem. Han har skapt sitt eige lydunivers, sin eigen sjanger så å seia.
Inspirasjonen til skapingsprosessane har over svært langt tid komme frå norsk folkemusikk og særleg hardingfeleslåttar frå indre Sogn, som har slektskap med tradisjonane i Valdres og storspelemannen Jørn Hilme. Seglems stjernelag presenterer denne sommarkvelden både nykomponert musikk som del av pågåande arbeid med trilogi-utgjeving under namnet Mytevegar, og musikk frå tidlegare album. Lydlandskap der fjellheim, sanddyner, asfaltjungel, bølgjande skog og livgjevande vatn kan høyrast. Overtydande utadvendt, vakker energisk, poetisk nordisk musikk rota i norsk hardingfeleklang
Det er godt med sitteplassar under tak på, og det er mogleg å kjøpe seg både mat og drikke på museumsområdet. Velkommen til ein flott sommarkveld for både liten og stor!
Medverkande:
Karl Seglem, tenorsax, bukkehorn, poesi-stemme
Erlend Viken feler, vokal
Håkon Høgemo, hardingfele
Sindre Tronrud, hardingfele
Kenneth Lien, munnharpe, lyre, fele
Hallvard Gaardløs, bass, vokal
Stein Inge Brækhus, trommer
Tor Magne Hallibakken, lyd
Foto: Oddleiv Apneseth