Til drivande godt dansespel kan du svinge deg inn i dei seine nattetimane! I festivalteltet diskar vi opp med gamaldans av beste klasse, og i kveld er det gruppene «Sven Nyhus Kvartett» og dei lokale heltane i «Valdres toradarlag» som står for musikken.
«Valdres toradarlag» er ein god gjeng lokale heltar som debuterte med eit brak og gjekk sigrande ut av tevlingane på Storefjelltreffen i 2024. Sidan har dei spelt til dans og tevlingar og skaffa seg ein stadig veksande tilhengjarskare. Laurdag kjem dei til Hilme og lovar drivande godt dansespel til folket!
Medverkande:
Tom Kjetil Tørstad - toradar
Monica Litangen - toradar
Torjus Tørsdtad - toradar
Tor Nythun Bøe - trekkspel
Erik Onstad - trekkspel
Vegard Thon - toradar
Jostein Hillestad - bass
Kåre Hippe - trommer