Legendariske Sven Nyhus kvartett starta opp i 1969 og var i godt over 50 år eit av dei mest toneangivande og sentrale gruppene innan folkemusikk og gamaldans. Kanskje har du sett eller høyrt dei i eit eller fleire av dei mange radio- og tvprogramma dei har vore med på? Sven Nyhus kvartett var også trufaste spelemann på ei mengd større festivalar og folkemusikkarrangement i både inn- og utland. Dei kan også smykke seg med heile to Spellemannsprisar.
I 2024 gjenoppsto kvartetten, denne gongen med dotter til Sven, Åshild Breie Nyhus, som solist. Kvartetten spelar framleis det kjente og kjære repertoaret, og fela og hardingfela er i førarsetet. Slek fører dei arven etter storspelemannen Sven Nyhus vidare. Trekkspelaren Tore Løvgreen, frå Valdres, har vore med heilt i frå starten i 1969, og no er vi svært glade for at dei kjem attende til Hilme og dansegolvet på museet!
Medverkande:
Åshild Breie Nyhus - fele og hardingfele
Tore Løvgreen - trekkspel
Tor Bekkelund - gitar
Tom Willy Rustad - bass