Gamaldans: SKROT


Til drivande godt dansespel kan du svinge deg inn i dei seine nattetimane! I festivalteltet diskar vi opp med gamaldans av beste klasse, og i kveld er det gruppene SKROT og Gjevre, Odde & Vårdal som står for musikken.

SKROT er ei folkemusikkgruppe med utspring frå Ole Bull-akademiet på Voss. Dei seks unge musikarane har alle sterke røter i runddansmusikken, men evner samstundes å utfordre musikken med element frå ulike sjangrar. Debutalbumet deira, «Steg» inneheld ei god blanding av tradisjonelle og nykomponerte melodiar. SKROT spelar med ei smittande speleglede og eit makelaust driv, der presisjon og overskot går hand i hand. Dette skulle passe perfekt ein Hilmekveld på Valdres Folkemuseum!


Medverkande:
Ragna Valde Sletten, fele og hardingfele
Ane Stakston Aasen. Fele og hardingfele
Steinar Odde, trekkspel og gitar
Vegard Hansen, trekkspel
Semon Harerusten, gitar og cittern
Live Visdal, kontrabass

Foto: Thor Hauknes

 

KJØP KVELDSPASS »

KJØP FESTIVALPASS »

Dans
Start: Fredag 10. juli kl. 20.30
Slutt: Laurdag 11. juli kl. 02.00
Stad: Festivalteltet, Valdres Folkemuseum