Gamaldans fredag: Gjevre, Odde & Vårdal


Til drivande godt dansespel kan du svinge deg inn i dei seine nattetimane! I festivalteltet diskar vi opp med gamaldans av beste klasse, og i kveld er det gruppene SKROT og Gjevre, Odde & Vårdal som står for musikken.

Trioen Gjevre, Odde & Vårdal byrja å spele i lag hausten 2017 som eit resultat av fleire dansespelingar og jamsessions. Alle tre er røynde danse- og konsertspelemenn, og har lang fartstid innanfor folkemusikken kvar for seg. Besetninga med hardingfele, torader og trekkspel gjev eit spanande lydbilete, og dei garanterar at det vil rykke i dansefoten til både liten og stor. Repertoaret dei spelar er ei blanding av nykomponert musikk og tradisjonelle slåttar frå Nord-Gudbrandsdalen


Medverkande:
Inge Gjevre, toradar
Mads Erik Odde, trekkspel
Vegar Vårdal, fele

KJØP KVELDSPASS »

KJØP FESTIVALPASS »

Dans
Start: Fredag 10. juli kl. 20.30
Slutt: Laurdag 11. juli kl. 02.00
Stad: Festivalteltet, Valdres Folkemuseum