Festivalarenaen vår, Valdres Folkemuseum, er eit av dei største friluftsmusea i landet med over hundre gamle hus og bygningar. I nokre av dei gamle stovene på museet vil det vere variert dansespel utover sommarnatta.
Erfaren eller heilt fersk. La deg rive med i dei taktfaste stega. Kjenn varmen frå menneska som driv rundt i den same rytmen som deg sjølv. By opp til dans, eller ta handa som byr deg opp. I det sosiale samværet i dansen møtest menneske på tvers av ulike føresetnader. I det kroppslege nærværet med dansepartnaren din lærer du deg å ta omsyn, og å vise omsorg for eit anna menneske. Dessutan er det godt å verke saman med andre menneske! Det vil vere dans på fleire golv heile kvelden, også medan det er konsertar.
By opp sjølv, eller ta handa som byr deg opp, og bli med ut på golvet!
Velkomen, gamle og nye dansarar.
Foto: Eva Karlsson