Hilme er finalist til arrangørprisen Årets festival 2026!
Vi er svært glade og stolte over å vere ein av fem knallsterke finalistar i denne kategorien. Det er bransjeorganisasjonen Norske Kulturarrangører som står bak prisen.
Norske Kulturarrangører (NKA) er ein landsomfattande, partipolitisk uavhengig interesse- og kompetanseorganisasjon for arrangørar i kulturfeltet. NKA har vel 500 medlemsorganisasjonar.
Finalistane til prisen Årets festival 2026 er:
- Oslo World
- Notodden Bluesfestival
- Midgardsblot (Horten)
- Barents Spektakel (Kirkenes)
- Jørn Hilme-stemnet (Valdres)
Les meir om dei nominerte på denne sida.
Tusen takk til Norske Kulturarrangører for nominasjonen – dette er stas!
Foto: Kristine H. Langstrand