Kan eg køyre bil heilt fram?
Det er skilta informasjon om parkering når du kjem til Jaslangen. Det er viktig at de følgjer informasjonen på skilta og vidare anvisning frå parkeringsvakter. Det er mange bilar samla på eit avgrensa område, så alle må følgje anvist parkering. Hugs at dei fleste kjem og reiser att ganske på likt, så pust roleg og bli med køen så kjem du deg trygt både att og fram.
Buss er eit svært godt alternativ til bil, då blir du skyssa både att og fram. Sosialt, miljøvenleg og avslappande. Bussbillettane blir lagt ut på same side som konsertbillettane.
Kva bør eg ha i sekken når eg reiser på konsert?
Du skal relativt høgt til fjells, så det er lurt å ta med seg varme klede. Noko vindtett og vasstett kan også vere smart, følg med på vêrmeldinga i førekant. Er det vindstilt kan ein myggspray vere på sin plass. Elles er sitjeunderlag, drikke og kanskje noko godt å ete alltid fint å ta med seg.
Kan eg ta med hunden min?
Du kan ta med hunden din så lenge hunden taklar høg musikk og andre folk og dyr. Men du skal vere merksam på at det kan vere andre folk på konserten som ikkje er trygge på hundar, og du har sjølv ansvaret for at hunden din ikkje er til sjenanse for andre publikummarar. Har du med deg hund, må du rekne med at du må finne deg ein plass der de kan sitte noko skjerma. Kanskje er det best om hunden blir att heime desse timane?
Er det tilrettelagt for rullestol?
Konserten går føre seg i eit naturleg amfi med relativt bratt helling og naturleg vegetasjon. Ved behov kan ein køyre heilt fram til scena, og det er mogleg å sitte på grusbakken framom scena. Det er ikkje høve til å parkere ved scena, så bilen må køyrast tilbake og parkerast på anvist plass. Dersom de treng tilrettelegging utover dette, ta kontakt med oss i førekant av konserten.
Er det toalett tilgjengeleg?
Det er utedoar tilgjengeleg. Det er skilta til desse. Ved behov for meir tilrettelegging må de ta kontakt på førehand.
Kan eg få kjøpt mat og drikke?
Lokale lag og foreiningar stiller med eit lite utsal der ein kan kjøpe litt mat og drikke. Det er også tillate å ta med mat og drikke sjølve.
Er det stolar eller benker der?
Konserten går føre seg i eit naturleg amfi med relativt bratt helling og naturleg vegetasjon. Det er ikkje faste benkar eller stolar der. Ta med sitteunderlag og rigg deg til i lyngen. Om du vil sitje på stol, er det noko plass på grusplassen framom scena. Ta med eigen stol.
Kva visst det blir regn, kan eg slå opp paraplyen min?
Det er dårleg konsertstil med paraply midt i blant publikum. Skikkeleg regntøy er uansett betre enn paraply langt til fjells. Med vasstett og vindtett tøy held du deg varm og tørr og dei rundt deg ser framleis scena.