Jaslangen er eit levande stølslag i Vestre Slidre kommune. Med smale vegar, og aktiv drift på fleire av stølane er det viktig at konsertfolket ferdast fint, så alle partar får ei fin oppleving. God tur og god oppleving!

Jørn Hilme-stemnet er oppteke av gode miljøløysingar og set difor opp bussar frå fleire plassar i Valdres. Du må førehandsbestille bussbillett på TicketCo for å nytte deg av dette tilbodet. Billetten gjeld tur/retur og billettane blir lagt ut for sal same stad som du kjøper konsertbilletten. 

Frå Fagernes: Fagernes skysstasjon (avgang 18.45), via Ulnes kyrkje (avgang 19.00), via Vaset senter (19.15) – og direkte til Jaslangen.

Frå Slidre/Røn: Slidretun (avgang 18.45) via Røn samfunnshus (avgang 19.00), vidare Brekkudn – Vaset senter og til Jaslangen.

Buss retur kl. 22.30

Det er mogleg å køyre privatbil, då ser vi gjerne at de fyller opp bilane. Det er skilta informasjon om parkering når de nærmar dykk Jaslangen. Følg informasjonen på skilta og anvisninga frå parkeringsvaktene så går dette bra både til og frå konsert.

Frå Fagernes køyrer du E16 til Ulnes, ta av til Vaset og følg skilting til Jaslangen. Turen frå Fagernes tek ikring 50 minutt. Adressa er Jaslangvegen 618. 

Informasjon om overnatting kjem.