I 2026 er det 20-årsjubileum for den populære solefallskonserten på Jaslangen i Vestre Slidre. Kva passar då betre enn å feire med vår heilt eigen verdsstjerne på scena? Det er ei stor glede for Jørn Hilme-stemnet å presentere Ragnhild Hemsing som sommarens artist på Jaslangen. Vel møtt til magiske kveldstimar med Hemsing i heimlege fjell!
Foto: Cathrine Dokken
Ragnhild Hemsing er ein svært allsidig musikar, og med både fele og hardingfele har ho gjort det til sitt varemerke å kombinere det beste frå klassisk musikk med folkemusikken ho kjenner frå Valdres. Til Hilme kjem ho med eit stjernelag av musikarar og prosjektet VETRA. Med VETRA har Ragnhild teke utgangspunkt i nokre av folketonane Ludvig Mathias Lindeman samla inn frå Valdres på midten av 1800-talet. Her vil impulsar frå folkemusikk, klassisk og jazz smelte saman og ta publikum med på ei vakker reise inn i Hemsing si musikalske verd.
Medverkande:
Ragnhild Hemsing – hardingfele og fiolin
Mathias Eick – trompet
Steinar Raknes – kontrabass
Terje Isungset – perkusjon
Marthe Husum – bratsj
Frida Fredrikke Waaler Wærvågen – cello
Knut Aastad Bråten – langeleik
Ole Aastad Bråten - langeleik
Tid: Tysdag 7. juli 2026, kl. 20.30
Stad: Jaslangen
Billettar: 480 kr/220 kr. Konsertbillettar kjøper du her.
Buss:
Jørn Hilme-stemnet er oppteke av gode miljøløysingar og set difor opp bussar frå Fagernes og Slidretun. Du må førehandsbestille bussbillett direkte frå JVB tur. Bussbilletter bestiller du her.
Velkomne til fjells!