Bu billeg, bu godt!


Jørn Hilme-stemnet har sin eigen festivalcamping midt i Fagernes sentrum.

Foto: Ingvil Skeie Ljones 

Campingen ligg på den gamle idrettsplassen nede ved Strondafjorden. Her har vi plass til både bubilar, campingvogn og telt. Festivalcampingen har tilgang til straum, vatn og garderobeanlegg, i tillegg er det eit stort telt der som kan nyttast som samlingsplass.

Festivalcampingen ligg sentralt plassert midt i mellom Valdres folkemuseum, Fagernes kulturhus og Trykkeriet kulturarena. Det er gåavstand frå campingen til alle arenaene i Fagernes. Parken er nyleg renovert, så det er flotte omgjevnadar for camping! 

  • Informasjon om prisar og bestilling kjem nærare festivalstart. 

Festivalcampingen vil vere open frå onsdag 8. juli kl. 13.00 til sundag 12. juli. 

Når du kjøper billett til campingen, får du ei digital kvittering. Denne viser du på campingen, så får du eit merke som viser at du har betalt. Dette heng du lett synleg på telt/vogn. 

Velkomen!