Kvinnedagsfest // Konsert med Onstad/Wallumrød


Internasjonal kvinnedagsfest 8. mars kl 1800, Festsalen på Valdres Folkemuseum:

Konsert med Onstad/Wallumrød - Folkemusikk og viser med ein ung låtskrivar frå Valdres

Appell for dagen
Tove Skjelstad intervjuar Beni Rani Ghale frå Nepal
Programleiar: Aud Søyland
Servering av mat frå mange land!

Onstad/Wallumrød
er ein duo som spelar folkemusikk og visesong i ein akustisk setting. Ingeborg Onstad syng og spelar langeleik og Elias Wallumrød syng og spelar gitar. Dei møttest på Norges Musikkhøgskole og har spelt saman i eitt års tid.Musikken er nær og gjenkjenneleg. Dei blandar eigne tekstar med eldre tekstar, og nye tonar med gamle tonar. Duoen leiker i landskapet mellom tradisjon og nyare musikk med utforsking av formidling, modalitet og instrumentering. Dei har gjeve ut fleire låter under Ingeborg Onstad sitt navn og prosjekt; Tida, Oslos gater og Min far for å nevne noko. Foto: Alexander Hammer

Konsertstart ca. kl. 18.30

Billettar: hilme.ticketco.events eller i døra

Nyheit! SESONGKORT: kr 800,- for fire konsertar. Vårprogram 2026 Hilme året rundt, her!

Arrangørar: Hilme året rundt i samarbeid med Internasjonalt kvinneforum og Valdresmusea 

 

 

KJØP BILLETT »

Hilme året rundt
Start: Sundag 8. mars kl. 18.00
Slutt: Sundag 8. mars kl. 21.30
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: kr 300 / kr 100 (medl. Intern. kv.forum) / kr 100 (UngINN 19–21 år) / gratis under 19 år. OBS! Sesongkort for Hilme året rundt kr 800