- Lyden av lyre blir til leik, dansen blir til musikk.
Med song og lyre lokkar Martin oss inn i eit lyttande rom, og inn trør Silje med fleire triks i beina enn dei fleste har i lomma. I dette møtet boblar impulsane fram: rytmer, røyster, steg – og det du ikkje visste at du trengte. Her er både presisjon og kaos, lureri og fallera.
Lyden av lyre blir til leik, dansen blir til musikk, og sirkelen fyllast av undring, svev og “Meir song i monitor! Ei uforutsigbar, varm og fri forestilling – om å møtast, prøve, tulle, utforske og oppdage heilt nye sider av verda (og kanskje av seg sjølv) (eller kanskje ikkje).
Produsert av Ragnhild Tveitan, DKS Buskerud og Ann-Cathrin Tessnes, DKS Akershus i samarbeid med utøvarane.
Martin Steinum Brun: song, lyre
Silje Onstad Hålien: dans, lyre