Konsert med Arne Anderdal og Jo Asgeir Lie
Dei inviterer oss med på ei musikalsk reise gjennom Hallingdal, sjølvsagt med ein og annan avstikkar på vegen!
Arne Anderdal gjorde i 2012 ein grundig gjennomgang av alt arkivmateriale som var å finnerundt runddansmusikken i Hallingdal. Både lokale, regionale og nasjonale arkiv vart gått gjennom, i tillegg at han vitja ei rekkje aktive spelemenn knytt frå Hallingdal. Resultatet av dette arbeidet var at over 140 ulike runddansmelodiar vart brukt i Hallingdal. Ein kan knyte runddansmusikk til så og seie alle spelemenn ein veit om i Hallingdal, og dette syner at runddansen har vore ein viktig del av repertoaret også blant utøvarar på hardingfele. Konserten gjev eit lite innblikk i dette spanande repertoaret, og ikkje minst den høge musikalske kvaliteten som ligg i desse slåttane. Musikken vert presentert i historisk ramme med historier knytta til runddansmusikken. Fortalt humoristisk med eit lite skråblikk til ein musikk som mange mislikte.
Arne Anderdal og Jo Asgeir Lie har spela saman i mange år. Begge to arbeider til dagleg på Ole Bull Akademiet på Voss, der Arne har fagansvaret for vekekursa i folkemusikk som akademiet driv, og Jo Asgeir er rektor for Ole Bull Akademiet
Foto: K. Mala
- Ta med dansesko! Etter konserten blir det høve til å danse både springar og runddans. Her kan vi alle øve og førebu oss til kappleiks- og festival-sommaren!
Nyheit! SESONGKORT - vår 2026: kr 800,- for fire konsertar Vårprogram 2026 Hilme året rundt, her!