Foto: Cathrine Dokken

Kappleik for juniorar

I over 60 år har kappleiken på Jørn Hilme-stemnet vore ein viktig del av festivalen.

Foto: Ingvil Skeie Ljones

Frå påmeldinga opnar, kan du melde deg på heilt fram til siste kappleiksdag laurdag 15. juli. Har du lyst til å delta, men ikkje er medlem i FolkOrg, kan du sende ei påmelding direkte til tevlingsleiar Marianne Trøyflat: marianne.gt@gmail.com | 988 18 871. Startlister blir publisert etter kvart.

For seniorar kostar det 200 kr å delta, for junior og rekrutt er prisen 100 kr. Strunkeelevane deltek gratis. Gratis inngang for alle publikummarar!

Seks dommarar dømmer i alle klasser med utgangspunkt i FolkOrg sitt dommarskjema. Dei med høgast poengsum – uavhengig av klasse – går vidare til finalespel. Vinnaren her tek med seg 10 000 kr, medan andre- og tredjepremie er på 5 000 kr og 2 000 kr.

Kappleiken har totalt ni klasser:
Open klasse
Eldre folkemusikkinstrument
Halling
Hardingfele / vanleg fele
Pardans
Samspel av alle slag
Toradar/trekkspel
Vokal
Lagdans

Velkomen på kappleik!

Start: Fredag 12. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 12. juli kl. 18.00
Stad: Trykkeriet/Fagernes
Pris: Gratis inngang for publikum

Kappleik for rekrutt og senior

Start: Laurdag 13. juli kl. 10.00
Slutt: Laurdag 13. juli kl. 17.00
Stad: Trykkeriet/Fagernes
Pris: Gratis inngang for publikum

Go`kar-tevling på skiferplassen

Bur det ein go'kar i deg? Kan du strekke kalveskinn og spenne revkrok?

Foto: Cathrine Dokken

Bli med på Go’kartevling i Fagernes sentrum laurdag midt på dagen. Tradisjonen tru møtest go’karar og go’kvinner frå heile landet til uformell, men prestisjetung kappestrid. Her vinn den som spenner høgast, hoppar lengst og vrir og vrengjer mest på seg i tråd med tradisjonen.

Er du ein go'kar? Meld deg på før kl. 12.00 på Skiferplassen.

Om du, som dei fleste av oss, ikkje kan nokon av desse triksa, så kom og sjå!

Medverkande:
Jørn Hilme-stemnet

Start: Laurdag 13. juli kl. 12.00
Slutt: Laurdag 13. juli kl. 13.00
Stad: Skiferplassen/Fagernes
Pris: Gratis

Utekappleik

Velkomen til utekappleik i Festivalteltet på Valdres Folkemuseum.

Foto: Anne Marte Før

Påmeldinga opnar snart.

Den fyrste kjende tevlinga i folkemusikk vart arrangert i 1881 i Ål i Hallingdal. Det var laget Hallingluren som stod som arrangør. Det var fyrst og fremst dei eldste instrumenta ein ynskte å tevle i, mellom anna lur og bukkehorn. 143 år seinare held vi fram med kappleik for dei eldste instrumenta – i tillegg til lokk og lagdans.

Både junior og senior lagdans deltek på utekappleiken laurdag.

Har du lyst til å delta, men ikkje er medlem i FolkOrg, kan du sende ei påmelding direkte til tevlingsleiar Marianne Trøyflat: marianne.gt@gmail.com | 988 18 871. Du kan melde deg på heilt fram til siste kappleiksdag laurdag 16. juli.

Velkomen på kappleik!

KJØP DAGSPASS »

KJØP HELGEPASS »

KJØP VEKEPASS »

Start: Laurdag 13. juli kl. 18.00
Slutt: Laurdag 13. juli kl. 19.00
Stad: Festivalteltet/Valdres folkemuseum

Premieutdeling

Foto: Anne Marte Før

Tradisjonen tru rundar vi av Jørn Hilme-stemnet med ein real spenningstopp av ei premieutdeling!

Det skal delast ut premiar frå lokale handverkarar, samt gode doser heider og ære til dei beste!

Start: Sundag 14. juli kl. 14.00
Slutt: Sundag 14. juli kl. 15.00
Stad: Festsalen/Valdres folkemuseum
Pris: Gratis