Danseframsyninga «Reir» handlar om dei store spørsmåla: Kven er vi, og kva som skjer når vi mistar fotfeste. Kjenner du deg att?
Foto: Anne-Marte Før
Anita Vika Langødegård og Silje Risdal Liahagen tek deg med på leit – i deg sjølv. Kven er du, og kva skjer med hovudet og kroppen din når verda ristar og grunnen under deg blir ustø? Mange likar å sulle seg djupt ned i reiret. Det er godt å vere på kjente plassar. Men no og då må vi ta steget ut, fri oss frå det trygge, utforske det som er på utsida. Det gjeld i livet, og i folkemusikken. Men korleis taklar vi overgangane? Bli med på dansande identitetsjakt – inn i oss sjølve.
Medverkande:
Anita Vika Langødegård, idé og medskapande dansar
Silje Risdal Liahagen, idé, medskapande dansar og songar
Alice Gudheim, tekst