Småfolk 5: Dansetimen – dans for ungar


På Jørn Hilme-stemnet møtest folk frå 0 til 100 år. I dansetimen, til dømes.

Foto: Eva Karlsson

Difor riggar vi til fleire tilbod til dei yngste! Det er trass alt dei som skal føre dansen og musikken vidare. Ministrunken og Mikrostrunken er veletablerte tilbod i Hilme-jungelen. Nytt i år er eit eige dansetilbod: dansetimen, ein uformell timesdans midt på dagen. Det er ikkje så viktig om du dansar, eller korleis du gjer det. Dans slik du vil! Vertinne på dansegolvet er Anne Marit Jota.

Velkomen til dans!

Medverkande:
Anne Marit Jota

Småfolk
Start: Fredag 14. juli kl. 18.00
Slutt: Fredag 14. juli kl. 19.00
Stad: Festplassen/Valdres Folkemuseum/Fagernes
Pris: Gratis