Kvifor rydde rotet?
Foto: Synnøve B. Plassen
Det var ein gong eit gamalt par – gubben og gamla. Som dei fleste andre par hadde dei sitt å stri med. Desse folka hadde rota bort ei rot. Rota til kva? Og kva skulle dei eigentleg med den store rota? Det fortel ikkje soga noko om – men det veit kanskje du?
Med røtene godt planta i folkemusikken tek duoen Taktlaus publikum med på eit improvisert og interaktivt folkeeventyr gjennom songleiken om gubben og gamla. Taktlaus består av Signe Dorthea Krohn Gjessing og Lisa Birkenes Thun. Båe er skodespelarar med erfaring frå folkemusikken og folkedansen. Signe Dorthea Krohn Gjessing er skodespelar, folkedansar og studerer folkesong ved Noregs musikkhøgskole. Ved sida av songen spelar ho munnharpe og kuhorn. Lisa driv det omreisande teaterkompaniet Campingkompaniet og slam- og folkemusikkompaniet BLE.
Medverkande:
Signe Dorthea Krohn Gjessing
Lisa Birkenes Thun