Småfolk 1: «Kvitebjørn kong Valemon»


Har du høyrt historia om prinsessa, bjørnen og gullkransen?

Foto: David Zadig

Det var ein gong ei vakker prinsesse. Som prinsesser flest bar ho på dyre draumar. Denne dama ynskte seg mest av alt ein krans av gull. Ein dag får ho auge på ein bjørn, og på hovudet ber han det ho er ute etter: kransen! Det går som prinsessa håpar: Bjørnen – som heiter Valemon – lovar bort kransen til jentungen – mot at ho giftar seg med han. Men Valemon er ikkje som andre bjørnar. Om natta blir han omskapt til eit menneske, men det er det ingen som må vita, ikkje eingong prinsessa. Ein dag får ho fatt i eit talgljos, og midt på natta ser ho det ho ikkje må sjå – bjørnen omskapt som eit menneske. Valemon fortel at han er forheksa av ei heks fordi han ikkje ville gifte seg med ho. Saman prøver dei å bryte forbanninga. Korleis det heile endar? Det er opp til deg å bestemme!

Thea Borring Lande er utdanna skodespelar frå Høgskolen i Nord-Trøndelag / Nord Universitet, og ho jobbar på tvers av fleire sjangrar. Thea har skrive og produserer eigne teaterframsyningar – mellom anna om Kvitebjørn kong Valemon.

Velkomen til eventyrland!

Medverkande:
Thea Borring Lande

Småfolk
Start: Onsdag 12. juli kl. 14.30
Slutt: Onsdag 12. juli kl. 15.30
Stad: Valdres Folkemuseum/Fagernes
Pris: Gratis