Mikrostrunken


Ikkje gamal nok til ministrunk? Fortvil ikkje! 

Frå kl. 11.30 til kl. 13.00 onsdag 8. og torsdag 9. juli står folkemusikalsk leik, dans, song og moro på timeplanen for ungar i alderen 3–5 år. Dyktige instruktørar tek i mot ungane for å gje dei eit flott møte med folkemusikk og folkedans. Mikrostrunken er gratis og du treng ikkje melde deg på.

Årets instruktørar er kongepokal-vinnar på hardingfele Alexander Aga Røynstrand og Maria Skjeldrum Toppe, folkedansar, felespelar og musikkterapeut!

Valdres Folkemuseum er den idylliske arenaen for «Mikrostrunken». Oppmøte for arrangementet er nede på festplassen ved Slidrehuset på Valdres folkemuseum. 

Tidspunkt: 
Onsdag 8. juli kl. 11.30–13.00
Torsdag 9. juli kl. 11.30–13.00

Småfolk
Start: Torsdag 9. juli kl. 11.30
Slutt: Torsdag 9. juli kl. 13.00
Stad: Valdres folkemuseum
Pris: Gratis