Barndom i folkemusikkland
Fleire generasjonar ber med seg sommarminne fylt av musikk og danserytmar, leik og læring mellom dei gamle stovene på Valdres Folkemuseum.
Læring og trivsel går hand i hand når røynde lærarar møter borna med kunnskap og kreativ glede. Jørn Hilme-stemnet har samla familie- og barnekonsertane under tittelen Småfolk. I tillegg tilbyr vi kursa Mikrostrunken (3–5 år), Ministrunken (6–10 år), og Strunkeveko (11–20 år).
Velkommen, born og unge!
Torsdag 14. juli
14.00
Småfolk 2: Avslutningskonsert for Ministrunken
Stad: Valdres Folkemuseum, Fagernes
Laurdag 16. juli
12.00
Småfolk 4: Spelejenta
Stad: Valdres Folkemuseum, Fagernes
13.00
Småfolk 5: Reir
Stad: Vesleøya i Strondafjorden, Fagernes
19.00
Småfolk 6: Stein Villas flisespikkeri
Stad: Valdres Folkemuseum, Fagernes