Odd til Jaslangen


Velkomen til magiske kveldstimar på Jaslangen i Vestre Slidre!

Foto: Esben Kamstrup

No er det klart: Odd Nordstoga med band kjem til Jørn Hilme-stemnet og solefallskonserten på Jaslangen.

Få maktar å beskrive poesien i kvardagen slik Odd Nordstoga gjer. Han syng om skogen og om hausten, om å lengte tilbake til sommaren, og om dagane som kom og gjekk. Og så får han oss til å danse!

Solefallskonserten er på stølslaget Jaslangen i Vestre Slidre. Arenaen ligg i ei helling som dannar eit naturleg amfi og der vestfjella gjev storslegne rammer kring musikken. 

Medverkande:

  • Odd Nordstoga
  • Alexander Pettersen, gitar
  • David Wallumrød, piano
  • Håkon Aase, fele
  • Tor Egil Kreken, bass
  • Torstein Lofthus, trommer

Konsert, mat og overnatting: 
Jørn Hilme-stemnet tilbyr eigne pakkar til dei som ynskjer god mat og ei seng – i tillegg til konserten med Nordstoga. Dette skjer i samarbeid med Gomobu Fjellstue på Vaset. For bestilling kontakt Gomobu Fjellstue: gomobu.no / post@gomobu.no / 61 35 77 10

Buss:
Jørn Hilme-stemnet er oppteke av gode miljøløysingar og set difor opp bussar frå fleire plassar i Valdres. Du må førehandsbestille bussbillett for å nytte deg av dette tilbodet.

Frå Fagernes: Fagernes skysstasjon (avgang 18.45), via Ulnes kyrkje (avgang 19.00), via Vaset senter (19.15).

Frå Slidre/Røn: Slidretun (avgang 18.45) via Røn samfunnshus (avgang 19.00), vidare Brekkudn – Vaset senter – Nøsen – Jaslangen.

Bil:
Frå Fagernes køyrer du E16 til Ulnes, ta av til Vaset og følg skilting til Jaslangen. Turen frå Fagernes tek ikring 50 minutt. Adressa er Jaslangvegen 618. Vi oppmodar alle til samkøyring.

God tur, god konsert!

KJØP BILLETT »

Konsertar
Start: Tysdag 11. juli kl. 20.30
Slutt: Måndag 11. juli kl. 22.30
Stad: Jaslangen
Pris: 450 kr