Småfolk 4: Center of the Universe – Skiferplassen


Drøymer du om å laga din eigen song, komposisjon eller lått?

Jørgen Sissyfus Skjulstad har med seg ein haug av instrument og elektroniske duppedingsar. Jørgen er superflink til å få born til å laga kul musikk, og han har også laga ein liten installasjon som publikum får lov til å skru og trykke på. Kven veit korleis dette kjem til å høyrast ut? På Jørn Hilme-stemnet får du møte Jørgen saman med felespelar og dansar Vegar Vårdal. Saman tek dei deg med inn i eit univers med lydar frå både elektronisk musikk og folkemusikk. Velkomen til The Center of the Universe! 

Arrangementet er gratis, men hugs å reservere plass i ticketco. Det gjer du ved å trykke på «kjøp billett» i det grøne feltet over. Maks plassar: 15!

Medverkande:

  • Jørgen Sissyfus Skjulstad – musikar, komponist, DJ og lydteknikar
  • Vegar Vårdal – folkemusikar og dansar

KJØP BILLETT »

Småfolk 2021
Start: Laurdag 17. juli kl. 13.30
Slutt: Laurdag 17. juli kl. 14.30
Stad: Skiferplassen, Fagernes
Pris: Gratis, men hugs å reservere plass i ticketco. Det gjer du ved å trykke på «kjøp billett» i det grøne feltet over.