Småfolk 3: Stein Villas flisespikkeri


Bli med på Stein Villas flisespikkeri! Medan dei vaksne er på konsert, kan borna hygge seg med allverdas spennande spikkeaktivitetar.

Lag di eiga fløyte! Spikk eit munnspel eller høvle deg ein eksklusiv gitar!

Stein Villa er ein allsidig musikar som spelar på dei fleste strenger: fele, mandolin, gitar, lyre, langeleik og norsk harpe. Og fløyter. Og sekkepipe. Stein får lyd utav det meste!

Han er aktiv i Gjøvik spelmannslag, er formidlar ved Tradisjonsmusikkarkivet ved Mjøsmuseet, held kurs og konsertar for gamle og unge i store delar av Europa og har delteke på mange plateinnspelingar.

Arrangementet er gratis, men hugs å reservere plass i ticketco. Det gjer du ved å trykke på «kjøp billett» i det grøne feltet over. Maks plassar: 15!

Medverkande:

  • Stein Villa

KJØP BILLETT »

Småfolk 2021
Start: Fredag 16. juli kl. 19.00
Stad: Festplassen, Valdres folkemuseum
Pris: Gratis, men hugs å reservere plass i ticketco. Det gjer du ved å trykke på «kjøp billett» i det grøne feltet over.