Småfolk 1: Gåtefulle låttar!


Musikarane Johanne Mjøs og Sigrid Stubsveen er vertinner og underhaldarar for ei barneframsyning full av artige låtar. Kanskje treng dei litt hjelp av barna i publikum?

Bak låttane skjuler det seg mange små gåter som duoen treng hjelp til å løyse.

Johanne Mjøs frå Bergen er ein merittert utøvar frå ein musikarfamilie der far og bestefar har vore læremeistrar. Gjennom studiet på Noregs musikkhøgskole har ho jobba med den tradisjonelle slåttemusikken og samstundes utforska det store spennet i tradisjonsmusikken. Sigrid Stubsveen er felespelar frå Engerdal. Ho lærte å spela i spelemannslaget i heimbygda, seinare har ho studert musikk på vidaregåande og på Noregs musikkhøgskole. Når ho ikkje er på konsert i Valdres eller andre stader i Noreg, driv ho festivalen Heme Dine i Østerdalen.

Arrangementet er gratis, men hugs å reservere plass i ticketco. Det gjer du ved å trykke på «kjøp billett» i det grøne feltet over. Maks plassar: 50!

Medverkande:

  • Johanne Mjøs – hardingfele
  • Sigrid Stubsveen – fele

KJØP BILLETT »

Småfolk 2021
Start: Onsdag 14. juli kl. 14.00
Slutt: Onsdag 14. juli kl. 15.00
Stad: Festplassen, Valdres Folkemuseum
Pris: Gratis, men hugs å reservere plass i ticketco. Det gjer du ved å trykke på «kjøp billett» i det grøne feltet over.