Småfolk 1: Gåtefulle låttar!


Musikarane Johanne Mjøs og Sigrid Stubsveen er vertinner og underhaldarar for ei barneframsyning full av artige låtar. Kanskje treng dei litt hjelp av barna i publikum?

Bak låttane skjuler det seg mange små gåter som duoen treng hjelp til å løyse.

Johanne Mjøs frå Bergen er ein merittert utøvar frå ein musikarfamilie der far og bestefar har vore læremeistrar. Gjennom studiet på Noregs musikkhøgskole har ho jobba med den tradisjonelle slåttemusikken og samstundes utforska det store spennet i tradisjonsmusikken. Sigrid Stubsveen er felespelar frå Engerdal. Ho lærte å spela i spelemannslaget i heimbygda, seinare har ho studert musikk på vidaregåande og på Noregs musikkhøgskole. Når ho ikkje er på konsert i Valdres eller andre stader i Noreg, driv ho festivalen Heme Dine i Østerdalen.

Arrangementet er gratis, men hugs å reservere plass i ticketco. Det gjer du ved å trykke på «kjøp billett» i det grøne feltet over. Maks plassar: 50!

Medverkande:

  • Johanne Mjøs – hardingfele
  • Sigrid Stubsveen – fele

KJØP BILLETT »

Småfolk
Start: Onsdag 14. juli kl. 14.00
Slutt: Onsdag 14. juli kl. 15.00
Stad: Festplassen, Valdres Folkemuseum
Pris: Gratis, men hugs å reservere plass i ticketco. Det gjer du ved å trykke på «kjøp billett» i det grøne feltet over.

Småfolk 2: Avslutningskonsert for Ministrunken


Debut på scenen! Velkomen til avslutningskonsert med dei flinke og modige elevane på Ministrunken.

Å stå på scenen for fyrste gong er eit stort augeblikk – både for ungane sjølve og dei vaksne! La deg imponere og sjarmere av ministrunkarane!

Arrangementet er gratis, men hugs å reservere plass i ticketco. Det gjer du ved å trykke på «kjøp billett» i det grøne feltet over. Maks plassar: 50!

Medverkande: 

  • Modige elevar
  • Modige lærarar

KJØP BILLETT »

Småfolk
Start: Torsdag 15. juli kl. 14.00
Slutt: Torsdag 15. juli kl. 15.00
Stad: Festplassen, Valdres Folkemuseum
Pris: Gratis, men hugs å reservere plass i ticketco. Det gjer du ved å trykke på «kjøp billett» i det grøne feltet over.

Småfolk 3: Stein Villas flisespikkeri


Bli med på Stein Villas flisespikkeri! Medan dei vaksne er på konsert, kan borna hygge seg med allverdas spennande spikkeaktivitetar.

Lag di eiga fløyte! Spikk eit munnspel eller høvle deg ein eksklusiv gitar!

Stein Villa er ein allsidig musikar som spelar på dei fleste strenger: fele, mandolin, gitar, lyre, langeleik og norsk harpe. Og fløyter. Og sekkepipe. Stein får lyd utav det meste!

Han er aktiv i Gjøvik spelmannslag, er formidlar ved Tradisjonsmusikkarkivet ved Mjøsmuseet, held kurs og konsertar for gamle og unge i store delar av Europa og har delteke på mange plateinnspelingar.

Arrangementet er gratis, men hugs å reservere plass i ticketco. Det gjer du ved å trykke på «kjøp billett» i det grøne feltet over. Maks plassar: 15!

Medverkande:

  • Stein Villa

KJØP BILLETT »

Småfolk
Start: Fredag 16. juli kl. 19.00
Stad: Festplassen, Valdres folkemuseum
Pris: Gratis, men hugs å reservere plass i ticketco. Det gjer du ved å trykke på «kjøp billett» i det grøne feltet over.

Småfolk 4: Center of the Universe – Skiferplassen


Drøymer du om å laga din eigen song, komposisjon eller lått?

Jørgen Sissyfus Skjulstad har med seg ein haug av instrument og elektroniske duppedingsar. Jørgen er superflink til å få born til å laga kul musikk, og han har også laga ein liten installasjon som publikum får lov til å skru og trykke på. Kven veit korleis dette kjem til å høyrast ut? På Jørn Hilme-stemnet får du møte Jørgen saman med felespelar og dansar Vegar Vårdal. Saman tek dei deg med inn i eit univers med lydar frå både elektronisk musikk og folkemusikk. Velkomen til The Center of the Universe! 

Arrangementet er gratis, men hugs å reservere plass i ticketco. Det gjer du ved å trykke på «kjøp billett» i det grøne feltet over. Maks plassar: 15!

Medverkande:

  • Jørgen Sissyfus Skjulstad – musikar, komponist, DJ og lydteknikar
  • Vegar Vårdal – folkemusikar og dansar

KJØP BILLETT »

Småfolk
Start: Laurdag 17. juli kl. 13.30
Slutt: Laurdag 17. juli kl. 14.30
Stad: Skiferplassen, Fagernes
Pris: Gratis, men hugs å reservere plass i ticketco. Det gjer du ved å trykke på «kjøp billett» i det grøne feltet over.

Småfolk 5: Center of the Universe – Valdres folkemuseum


Drøymer du om å laga din eigen song, komposisjon eller lått? Jørgen Sissyfus Skjulstad har med seg ein haug av instrument og elektroniske duppedingsar. Jørgen er superflink til å få born til å laga kul musikk, og han har også laga ein liten installasjon som publikum får lov til å skru og trykke på. Kven veit korleis dette kjem til å høyrast ut? På Jørn Hilme-stemnet får du møte Jørgen saman med felespelar og dansar Vegar Vårdal. Saman tek dei deg med inn i eit univers med lydar frå både elektronisk musikk og folkemusikk. Velkomen til The Center of the Universe!

Arrangementet er gratis, men hugs å reservere plass i ticketco. Det gjer du ved å trykke på «kjøp billett» i det grøne feltet over. Maks plassar: 15!

Medverkande:

  • Jørgen Sissyfus Skjulstad – musikar, komponist, DJ og lydteknikar
  • Vegar Vårdal – folkemusikar og dansar

KJØP BILLETT »

Småfolk
Start: Laurdag 17. juli kl. 18.00
Slutt: Laurdag 17. juli kl. 19.00
Stad: Festplassen, Valdres folkemuseum
Pris: Gratis, men hugs å reservere plass i ticketco. Det gjer du ved å trykke på «kjøp billett» i det grøne feltet over.