Kurs i valdresspringar for nybyrjarar


Valdresspringaren er kjend som ein frisk og kraftfull dans. Noko for deg?

Eit kurs vil gje deg grunnlaget for det aller viktigaste; nemleg å danse på fest! Kurset er for alle som vil lære dei grunnleggande elementa i valdresspringaren. Du melder deg enkelt på via billettknappen på denne sida.

Smittevernomsyn:

  • Førehandspåmelding
  • Folk må melde seg på parvis
  • Maks 5 par

Tidspunkt:

  • Onsdag 14. juli, kl. 15.30–17.30
  • Torsdag 15. juli, kl. 14.00–17.00
  • Fredag 16. juli, kl. 11.00–14.00

Instruktørar: Kari Steinsrud og Knut Arne Jacobsen
Spelemann: Sindre Tronrud

KJØP BILLETT »

Kurs, seminar og utstilling
Start: Onsdag 14. juli kl. 15.30
Slutt: Fredag 16. juli kl. 14.00
Stad: Valdres folkemuseum
Pris: 500 kr

Kurs i valdresspringar for vidarekomne


For alle som har dansa springar før og meistrar takt og grunnsteg i valdresspringaren.

Her får du påfyll og inspirasjon til å lære valdresspringaren endå betre, med vekt på detaljar, heilskap, musikalitet og generell danseteknikk.

Smittevernomsyn:

  • Førehandspåmelding
  • Folk må melde seg på parvis
  • Maks 5 par

Tidspunkt:

  • Torsdag 15. juli, kl. 14.00–17.30
  • Fredag 16. juli, kl. 11.00–14.00

Instruktørar: Stian Roland og Tone Voldhaug
Spelemann: Sivert Holmen

KJØP BILLETT »

Kurs, seminar og utstilling
Start: Torsdag 15. juli kl. 14.00
Slutt: Fredag 16. juli kl. 14.00
Stad: Valdres folkemuseum
Pris: 350 kr

Kurs i folkesong


Folkesongen har vandra i tusenvis av år, kryssa hav og landegrenser, snirkla seg ned i dalar og fjordarmar.

Songar med særeigne historier, skeive tonar og krullingar har overlevd i stemmebanda til dei som syng, generasjon etter generasjon. På kurset vil du få betre kjennskap til den tradisjonelle songstilen og kan sjølv bli ein del av den lange lekkja som ber songen vidare! Velkomen på kurs!

Smittevernomsyn:

  • Førehandspåmelding
  • Maks 5 deltakarar

Tidspunkt:

  • Torsdag 15. juli, kl. 14.00–16.30
  • Fredag 16. juli, kl. 11.00–14.00

Instruktør: Ingvild Lie

KJØP BILLETT »

Kurs, seminar og utstilling
Start: Torsdag 15. juli kl. 14.00
Slutt: Fredag 16. juli kl. 14.00
Stad: Valdres folkemuseum
Pris: 350 kr

Kurs i langeleikspel


Langeleik + Valdres = sant! I Valdres finn vi ein ubroten langeleiktradisjon som går fleire hundreår tilbake.

Medan langeleiken tidlegare vart rekna som eit kvinne-instrument, ser vi i dag at han blir teken i bruk i stadig nye samanhengar, av musikarar frå ulike sjangrar som utfordrar både teknikk og spelestil. Jørn Hilme-stemnet er stolt over å løfte fram langeleiken til ein plass i sola, saman med deg! Kurset passar for alle som spelar eller har spelt langeleik og ynskjer påfyll og inspirasjon til å halde fram.          

Smittevernomsyn:

  • Førehandspåmelding
  • Maks 5 deltakarar

Tidspunkt:

  • Torsdag 15. juli, kl. 14.00–16.30
  • Fredag 16. juli, kl. 11.00–14.00

Instruktør: Marit Steinsrud

KJØP BILLETT »

Kurs, seminar og utstilling
Start: Torsdag 15. juli kl. 14.00
Slutt: Fredag 16. juli kl. 14.00
Stad: Valdres folkemuseum
Pris: 350 kr

Langeleiken – heile Noregs instrument


Valdres er langeleiken sitt heimland. På Valdres Folkemuseum på Fagernes finst ei unik instrumentutstilling, om langeleiken og historia åt instrumentet.

I sentrum for utstillinga står den eldste langeleiken i landet – frå 1524. Målet med utstillinga er å presentere det rike langeleikmaterialet i Noreg. Og den som meiner å vite korleis ein langeleik ser ut, bør førebu seg på eit overraskande møte med det gamle instrumentet. Her er kjende dekorelement som akantusranker og nydelege profilliner, men også fiskar, revar, dansarar og kyrkjespir. Formene har òg endra seg gjennom tidene.

Museet, utstilling om langeleiken og andre utstillingar er opne alle dagar frå klokka 10.00 til 16.00.

Kurs, seminar og utstilling
Start: Sundag 11. juli kl. 10.00
Slutt: Sundag 18. juli kl. 16.00
Stad: Valdres folkemuseum
Pris: Gratis

Samtale: Dansen etter covid-19


Kva skjer når dansen og musikken forsvinn ut av kvardagen til folk?

Korleis har pandemien påverka måtane vi er saman på – og korleis skal vi ta den sosiale samværsdansen tilbake? Jørn Hilme-stemnet og Universitetet i Sør-Noreg avdeling Rauland inviterer til sofasamtale om dansen etter covid-19. Med i panelet er Stian Roland frå USN Rauland, folkedansar Audun Grüner-Hegge og kurshaldar Knut Arne Jacobsen.

Arrangementet er gratis, men hugs å reservere plass i ticketco. Det gjer du ved å trykke på «kjøp billett» i det grøne feltet over. Maks plassar: 40!

Kjem du? Hugs: 

  • Førehandspåmelding
  • Maks 40 deltakarar

KJØP BILLETT »

Kurs, seminar og utstilling
Start: Torsdag 15. juli kl. 12.00
Slutt: Torsdag 15. juli kl. 13.00
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: Gratis, men hugs å reservere plass i ticketco. Det gjer du ved å trykke på «kjøp billett» i det grøne feltet over.

Folkemusikk på veggen!


Avduking av ny gatekunst! Årets gatekunstnar er Torunn Skjelland.

I 2019 laga kunstnaren Martin Whatson eit stort portrett av spelemannen Jørgen Sagahaugen Dale på eine sideveggen på Handelsbygningen på Fagernes. I år utfordrar vi kunstnaren Torunn Skjelland til å dekorere byen med folkemusikkinspirert kunst. Ho har laga mange liknande kunstverk tidlegare. Inspirasjon til motivet skjer i nært samarbeid med elevane på Strunkeveko og FolkemusikkUng.

Kunstverket blir til med støtte frå Sparebankstiftelsen og i samarbeid med Nord-Aurdal kommune.

Medverkande:

  • Torunn Skjelland
  • Nord-Aurdal kommune
  • Elevar frå FolkemusikkUng og Strunkeveko

Kurs, seminar og utstilling
Start: Laurdag 17. juli kl. 17.30
Slutt: Laurdag 17. juli kl. 18.30
Stad: Fagernes sentrum
Pris: Gratis!