Westberg & Kjorstad


Tron Steffen Westberg og Rasmus Kjorstad. Ver budd på elektrisk stemning – og kortslutning. Duoen byr på byr på seg sjølv: tonar til å gråte av og rytmar som får deg til å rope høgt!

Dette er ein av fleire konsertar der vi gjerne skulle sleppt publikum ut på dansegolvet. Får du ikkje danse, kan du likevel juble. Vel møtt til intenst spelemannsmøte med to av det ypparste slaget.

Rasmus Kjorstad (f. 1996) kjem frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen. I 2016 vann han B-klassa på Landskappleiken og rykte såleis opp i A-klassen. Han spelar i fleire konstellasjonar, mellom anna i bandet til Torgeir Vassvik og i Morgonrode, som spelte på Jørn Hilme-stemnet i fjor sommar.

Tron Steffen Westberg hadde sin musikalske oppvekst i eit aktivt folkemusikkmiljø i Brekken. Westberg er folkemusikkens tungrockar – ein hardhaus, ein det gneistrar av. Han er kjend for det drivande spelet sitt, og særleg for slåttematerialet frå Røros. Dessutan har han alltid hatt ein særleg «ljø» i fela og ein stil som har fengt både dansarar og publikum.

Medverkande:

  • Rasmus Kjorstad – fele
  • Tron Steffen Westberg – fele

KJØP BILLETT »

Konsertar 2021
Start: Laurdag 17. juli kl. 21.00
Slutt: Laurdag 17. juli kl. 22.00
Stad: Slidrehuset, Valdres folkemuseum
Pris: 200 kr