Vandring på Kongevegen


Heilt konge! Det er vegen over Filefjell. Vegen går mellom Lærdal i Sogn og Vang i Valdres og er kåra til Noregs vakraste rute.

Kongevegen stod ferdig i 1793 som den fyrste køyrevegen mellom Austlandet og Vestlandet og går gjennom urørt natur og storslått kulturlandskap. Vegen er no nyrestaurert og er verd eit besøk.

Turen startar kl. 11.00 frå St. Tomaskyrkja og går til Maristuen, med buss tilbake til St. Tomaskyrkja. Middels krevjande tur på 11 km. Turvert for dagen er Dagfinn Hegg-Lunde frå Borgund. Han er eit levande leksikon med kunnskap om både natur, kultur og historie.

Etter turen er det konsert – Salme, segn og solbøn – med Ingvill Marit og Per Anders Buen Garnås i St. Tomaskyrkja. Konserten byrjar kl. 17.00. For å trimme alle sansar blir det servering av mat på Kyrkjestølen før konserten.

Denne billetten gjeld berre vandringa.

Medverkande:

  • Dagfinn Hegg-Lunde – turvert

KJØP BILLETT »

Konsertar 2021
Start: Sundag 11. juli kl. 11.00
Slutt: Sundag 11. juli kl. 17.00
Stad: St. Tomaskyrkja på Filefjell
Pris: 400 kr