Trio Griggen


Trio Griggen er eit folkemusikalsk tilsvar til Grieg, eller «Griggen», som Gjendine Slålien, ei av dei store kjeldene hans, kalla han.

Konserten har låttar og folketonar som gjennomgangstema basert på eit materiale også Edvard Grieg let seg inspirere av, kjent som Opus 66 og 72.

Unni Løvlid, Anne Hytta og Ingfrid Breie Nyhus spelar dei originale slåttane og songane som Grieg også høyrde, og kanskje slepper dei «Griggen» til med ein replikk hist og her? Saman grip dei fatt i Griegs folketonar – og ser dei på nye måtar. Det har opna fleire nye dører, seier dei. For verda endrar seg når tre ulike sanningar møtest.

Ingfrid Breie Nyhus spelar klassisk, folkemusikk og samtidsmusikk på piano. Ho har vakse opp i ein folkemusikkfamilie og blir omtala som ein «klangvirtuos». Nyhus har fleire store komponist- og konsertoppdrag i inn- og utland. Unni Løvlid er ei av dei mest ettertrakta folkesongarane våre. I tillegg til å drive med tradisjonell folkesong arbeider ho i skjeringsfeltet mot samtidsmusikk. Når ho ikkje held konsertar, arbeider ho på Noregs musikkhøgskole. Anne Hytta er hardingfelespelar og komponist, også ho i aksen mellom tradisjon og nyskaping. Hytta har lang og brei erfaring både frå solo- og samarbeidsprosjekt.

Medverkande:

  • Ingrid Breie Nyhus – piano
  • Anne Hytta – feler
  • Unni Løvlid – song

KJØP BILLETT »

Konsertar 2021
Start: Onsdag 14. juli kl. 19.00
Slutt: Onsdag 14. juli kl. 20.00
Stad: Aurdal kyrkje, Aurdal
Pris: 250 kr