Sylvklåre doggperlor frå Nord-Aurdal


«Sylvklåre doggperlor frå Nord-Aurdal», med Kjellbjørn Karsrud og Henning Andersen. 

Spelemennene Henning Andersen (f. 1777) og Kjellbjørn Karsrud (f. 1786) frå høvesvis Aurdal og Leira har samanlagt brukt over eit halvt hundreår på å leite i alle krikar og krokar etter tradisjonsstoff frå Valdres. Det mest tilgjengelege stoffet har i formative år kome rekande på ei fjøl frå dei øvre delane av Valdres, der dei store inspirasjonskjeldene både gjennom levande tradering og arkivopptak har kome frå. Kva skjer når dei skal saumfara sin eigen heimkommune etter låttar og spelemannshistorier?

Henning Andersen (nei, han er ikkje fødd i 1677, men i 1977) har mykje av spelet etter Trygve Bolstad, Harald Røine, Andris A. Dahle, Olav Jørgen Hegge, men òg Ånon Egeland, Pål Skogum og Håkon Asheim. Han har jobba mykje med klokkelåttane i Valdres, låttematerialet etter Ulrik i Jensestogun og særleg runddanstradisjonane i Valdres. Andersen er til dagleg drivar og eigar av Valdres gravferdsbyrå.

Kjellbjørn Karsrud (fødd 1986) er frå Leira i Valdres, busett i Lom. Han er ein skikkeleg hardingfelenerd, med oversikt over det meste av låttar, spelemenn og kappleiksresultat. Karsrud er A-klassespelemann på hardingfele og primus motor i Spelemannslaget til fremjing av møsegrodde låttar. Til dagleg jobbar han som lektor i filologiske fag ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule.

Medverkande:

  • Henning Andersen – hardingfele
  • Kjellbjørn Karsrud – hardingfele

KJØP BILLETT »

Konsertar 2021
Start: Fredag 16. juli kl. 18.00
Slutt: Fredag 16. juli kl. 19.00
Stad: Slidrehuset, Valdres folkemuseum
Pris: 200 kr