Minjamba


PREMIERE: Barneførestillinga Minjamba – med Selma Bolstad og Ibou Cissokho.

Det var ein gong ei dame som heitte Mathilde, og ein slange som heitte Minjamba. Mathilde bur i ein landsby i ørkenen i Vest-Afrika. Der står sola høgt på himmelen og gjer det gloheitt for dei som bur i landsbyane. Vatn er det dårleg med hjå Mathilde, og kvar dag går ho til ein innsjø for å hente vatn. Men det er noko redselsfullt med innsjøen. Så lenge ho kan hugse, har folka i landsbyen snakka om ein slange i vatnet. Alle er redde for slangen. Pass deg for slangen, seier naboane støtt. Men er han eigentleg så farleg?

Selma French Bolstad og Ibou Cissokho har båe markert seg som sterke og tradisjonsmedvitne musikarar frå kvart sitt musikalske ytterpunkt – han spelar i tradisjon etter far sin, Solo Cissokho, Selma spelar hardingfele og syng songar med røter i Valdres. Historia Minjamba og Mathilde er frå Vest-Afrika, og Ibou har han i form etter bestefar sin. Historia er veldig gamal, fortel Ibou – og heilt sann!

Medverkande:

  • Ibou Cissokho – song og kora
  • Selma French Bolstad – fele, hardingfele, gitar og song

Konsertar 2021
Start: Laurdag 17. juli kl. 15.00
Slutt: Laurdag 17. juli kl. 16.00
Stad: Fagernes sentrum
Pris: Gratis!