Salme, segn og solbøn


Det er ti år sidan syskena Per Anders og Ingvill Marit Buen Garnås gav ut den kritikarroste plata Salme, segn og solbøn, som kom ut på plateselskapet Ta:lik.

På plata dukkar dei ned i dei mange religiøse laga i folkemusikken. Ulike religiøse straumdrag har til alle tider sett merke etter seg i folkemusikken og i den munnlege tradisjonen. Førkristne og katolske motiv har smelta saman og levd vidare i songar og segner etter reformasjonen og delvis fram til i dag.

Per Anders byrja å spela hardingfele i 6-årsalderen, inspirert av onklane Hauk og Knut. Han har vunne Landskappleiken fire gonger, vore nominert til Spellemannprisen tre gonger og medverka på eit utal plater og konsertar. Ingvill Marit syng i tradisjon etter mor si. Ingvill har ei stor breidde i repertoaret sitt, som spenner frå stev, viser og vers til gåteviser og balladar frå områda Telemark og Setesdal. Ho har òg vunne Landskappleiken tre gonger, medverka på mange konsertar, og ho har gjeve ut fleire plater.

Medverkande:

  • Per Anders Buen Garnås – hardingfele
  • Ingvill Marit Buen Garnås – song

KJØP BILLETT »

Konsertar 2021
Start: Sundag 11. juli kl. 17.00
Slutt: Sundag 11. juli kl. 18.00
Stad: St. Tomaskyrkja, Filefjell
Pris: 200 kr