Resjemheia


For uinnvigde er Resjemheia namnet på vegen frå folkemusikkbygda Bø til bluesbyen Notodden – dei to stadene som har vore viktigast som premissleverandørar og inspirasjon for musikken til bandet med same namn.

I 2016 kom albumet El Bokko med musikken frå eit tingingsverket på Telemarkfestivalen i 2015. Med i bandet var då hardingfelespelaren Ottar Kåsa og tubaist Kristoffer Lo, i tillegg til trommeslagar Kenneth Kapstad og bassisten Mattis Kleppen.

Siste skot på albumstammen til Resjemheia er plata Bullinn, som kom i 2018. Dette albumet har endå fleire låttar frå Telemark, og originalmusikk av Ottar Kåsa og Mattis Kleppen. Tittelen er henta frå den smått legendariske lokale puben i Bø: Bullinn.

Og musikken? Ein dose slåttemusikk frå Telemark saman med ein like stor dose bluesmusikk frå Vest-Afrika og Mississippi. Der har du Resjemheia.

Medverkande:

  • Ottar Kåsa – hardingfele
  • Kenneth Kapstad – trommer
  • Mattis Kleppen – bassgitar

KJØP BILLETT »

Konsertar 2021
Start: Laurdag 17. juli kl. 22.00
Slutt: Laurdag 17. juli kl. 23.00
Stad: Amfiet, Valdres folkemuseum
Pris: 250