Nils Økland & Sigbjørn Apeland


Musikarane Nils Økland og Sigbjørn Apeland har eit særleg talent: Dei får folk til å lytte.

Komponisten og felespelaren Nils Økland har vore ein musikalsk banebrytar og spydspiss – i skjeringspunktet mellom norsk folkemusikk, improvisasjon og moderne musikk. Alle dei fire albumutgjevingane hans blir rekna som musikalske milepålar, frå Blå harding i 1996 til Monograph i 2009. Organisten Sigbjørn Apeland er ein musikar som i likskap med Økland stadig kryssar grensar og sjangrar, noko som har gjort han ettertrakta i fleire ulike musikalske miljø og samarbeid. Økland og Apeland utforskar nye klangar og toneverder frå musikkens krikar og krokar. Ut av det heile skapar dei musikk som er både innbydande og stemningsskapande.

Medverkande:

  • Nils Økland – feler
  • Sigbjørn Apeland – orgel

KJØP BILLETT »

Konsertar 2021
Start: Tirsdag 13. juli kl. 19.00
Slutt: Tirsdag 13. juli kl. 20.00
Stad: Slidredomen, Vestre Slidre
Pris: 250 kr