Nils Økland & Mats Eilertsen


Endring i programmet: Bassisten Mats Eilertsen steppar inn for organisten Sigbjørn Apeland.

Musikarane Nils Økland og Mats Eilertsen har eit særleg talent: Dei får folk til å lytte.

Komponisten og felespelaren Nils Økland har vore ein musikalsk banebrytar og spydspiss – i skjeringspunktet mellom norsk folkemusikk, improvisasjon og moderne musikk. Alle dei fire albumutgjevingane hans blir rekna som musikalske milepålar, frå Blå harding i 1996 til Monograph i 2009. Mats Eilertsen er ein av landets mest ettertrakta bassistar, med samarbeid med musikarar som Bendik Hofseth, Håkon Kornstad, Trygve Seim – og Nils Økland. Stødig og eksperimentell, lyrisk og melodiøs. Uttrykket til Eilertsen spenner frå den eine utkanten til den andre. Saman utforskar dei nye klangar og toneverder frå musikkens krikar og krokar. Ut av det heile skapar dei musikk som er både innbydande og stemningsskapande.

Medverkande:

  • Nils Økland – feler
  • Mats Eilertsen – bass

KJØP BILLETT »

Konsertar 2021
Start: Tirsdag 13. juli kl. 19.00
Slutt: Tirsdag 13. juli kl. 20.00
Stad: Slidredomen, Vestre Slidre
Pris: 250 kr