Filmframsyning: Kalde mønster


«Kalde mønster er noe så sjeldent som en dansefilm. En film om dansen i nord, om dansen i små samfunn og om dansens kraft. Vakkert og gripende, og akkompagnert av svært vakker musikk.»

Det skriv meldaren Anki Gerhardsen i Nordlys i 2020.

Kalde mønster er ein novellefilm om nokre ungdommar og forholdet dei imellom – som medmenneske, men òg som dansarar. Nærheita, rytmikken og krafta i dansen er berande gjennom filmen. Vi blir kjende med lokal folkedans med røter frå heile verda, og som har fått si unike form i Troms, blant anna fingerpolka, polsdans, reinlender og langedans. Handlinga blir underbygd med sitat frå eldre kjelder og intervju om dans i Troms og områda rundt. Dansarane er ungdommar frå prosjektet Arktisk Takt, som har fått opplæring i dansematerialet frå fylket.

Musikken til Kalde mønster er gjeven ut Ta:lik og er tilgjengeleg på alle digitale plattformer.

Medverkande:

  • Regi og koreografi: Sigurd Johan Heide
  • Dansefagleg ansvarleg: Torill Steinjord
  • Kamera: Eirik Heim / CruxFilm
  • Klipp: Marte Aasen
  • Prosjektkoordinator: Stine Trondsdatter
  • Dansarar: ungdom frå Troms og andre delar av Nord-Noreg
  • Musikk av: Benjamin Mørk, og trioen Julie Alapnes, Kristian S. Olstad og Mariann Torset
  • Prosjekteigar: Norsk senter for folkemusikk og folkedans

Konsertar 2021
Start: Fredag 16. juli kl. 23.55
Slutt: Laurdag 17. juli kl. 01.00
Stad: Parken, Fagernes
Pris: Gratis!