Husklugumt og dølalête!


Kva gjer vi når pandemien set ein stoppar for å svinge seg på dansegolvet? Velkommen til gamaldanskonsert med Inge Gjevre, Mads E. Odde og Vegar Vårdal. Festplassen

Solid gamaldansmusikk frå Gudbrandsdalen! Stjernelaget Gjevre, Odde & Vårdal byrja for alvor å spela saman hausten 2017 etter fleire tilfeldige dansespelingar og jamsessions. Alle tre er røynde spelemenn og har lang fartstid innanfor folkemusikken. Besetninga med hardingfele, toradar og akkordeon er uvanleg og sjeldan å høyre i dag. Med toradaren som det melodiførande instrumentet, akkordeonet med akkordmoglegheiter og ei hardingfele som vekslar mellom det improvisatoriske og den spesifikke stemmeføringa, blir uttrykket noko for seg sjølv: originalt og friskt! Repertoaret er ei blanding av nykomponert musikk og tradisjonelle låttar frå Nord-Gudbrandsdalen.

Trioen gav i 2020 ut plata Husklugumt og fekk folkelarmpris i klassen dansespel for den. Trioen lovar musikk til å bli sveitt av på Hilme i år.

... og sjølv om vi ikkje får lov til å danse: lat att augo og la deg rive med i mentale dansesteg!

Medverkande:

  • Inge Gjevre – toradar
  • Mads Erik Odde – trekkspel
  • Vegar Vårdal – hardingfele og fele

Konsertar 2021
Start: Laurdag 17. juli kl. 20.00
Slutt: Laurdag 17. juli kl. 21.00
Stad: Festplassen, Valdres folkemuseum
Pris: Gratis!