Hilme-taffel med Sigrid Stubsveen og Johanne Mjøs


Hilme-taffel: Sigrid Stubsveen og Johanne Mjøs er to av dei fremste unge felespelarane i landet i dag.

Johanne Mjøs frå Bergen er ein merittert utøvar frå ein musikarfamilie der far og bestefar har vore læremeistrar. Ho trakterer både fele og hardingfele, og med fela er det musikken frå Nordland og Troms som har fengsla.

Sigrid driv festivalen Heme Dine i Østerdalen. Ho har gjort det til sitt livsprosjekt å spele – og dyrke – musikken frå Engerdal, lengst aust i Hedmark. På konserten får du eit arsenal av knudrete engerdalslåttar, suggererande spel frå Hardanger og Hallingdal og låttar frå nord med temperament og stormfullt vêr. Vi garanterer at du vil halde deg vaken!

Medverkande: 

  • Johanne Mjøs – hardingfele
  • Sigrid Stubsveen – fele

KJØP BILLETT »

Konsertar 2021
Start: Sundag 18. juli kl. 13.00
Slutt: Sundag 18. juli kl. 14.00
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: 100 kr