Møte med mellomalderen


Omvising og kaffiprat i Hedalen stavkyrkje ved prest Signe Elisabeth Kvåle. 

Kom og høyr den spanande historia om stavkyrkja i Hedalen, ikkje minst om korleis kyrkja vart funnen etter svartedauden, og om det berømte bjørneskinnet. Ifylgje segna er bjørneskinnet restar av ein bjørn som vart skoten i kyrkja då jegerar fann att kyrkja etter svartedauden. Men er det sant? Den gamle stavkyrkja er frå midten av 1100-talet. I kyrkja finst mange minne frå den katolske tida: ein kopi av den vakre Hedals-madonnaa, eit relikvieskrin og ein kyrkjemodell. Etter omvisinga er det konsert med syskena Ingvill Marit og Per Anders Buen Garnås. Konsertbilletten gjeld for omvising og konsert.

Medverkande:

  • Signe Elisabeth Kvåle – prest

Konsertar 2021
Start: Måndag 12. juli kl. 17.30
Slutt: Måndag 12. juli kl. 18.30
Stad: Hedalen stavkyrkje, Hedalen
Pris: Inkludert i konsertbilletten til Salme, segn og solbøn – som byrjar kl. 19.00