Roser i tonane: Gunnlaug Lien Myhr & Øyvind Brabant


Dei formar roser i spelet og i songen. Øyvind Brabant på hardingfela, Gunnlaug Lien i songen.

Gunnlaug Lien Myhr er ein folkesongar frå Gol i Hallingdal, i dag busett i Ål. Ho har ein lang og allsidig karriere bak seg og er etter kvart ei viktig inspirasjonskjelde for dagens unge folkesongarar. Lien Myhr har ei finstemt og elegant tonekjensle, ho har ein klokkeklar tone og ein suggererande tralleteknikk som overgår dei fleste. Ho har medverka på plateinnspelingar, i store og småe konsertar over heile landet, dei siste tiåra med vekt på langeleiktradisjonen, springardansen og folkesongen i Hallingdal. I 2015 kom boka Folkesong i Hallingdal.

Øyvind Brabant er spelemann frå Nesbyen og har gått i lære hjå Odd Bakkerud, Knut Myrann og Jens A. Myro. I dag blir han rekna som den fremste spelemannen og tradisjonsberaren på hardingfele i Hallingdal. Brabant har vore aktiv på kappleik og vann hardingfele klasse A på Landskappleiken i 1993. Han har elles gått til topps på fleire regionale og lokale kappleikar. Siste plate på samvitet er så langt Breksja (2018).

Medverkande:

  • Gunnlaug Lien Myhr – song
  • Øyvind Brabant – hardingfele

KJØP BILLETT »

Konsertar 2021
Start: Fredag 16. juli kl. 20.00
Slutt: Fredag 16. juli kl. 21.00
Stad: Slidrehuset, Valdres folkemuseum
Pris: 200 kr