Stigen ho fann: Gro Kjelleberg Solli


«Sjå! Det huset har eg vore med og sett i stand!», høyrer vi ofte handverkaren seie. «Høyr! Desse tonane har eg vore med og forma», seier Gro Kjelleberg Solli.

Gro Kjelleberg Solli er folkesongar frå Angvik på Nordmøre, busett i Os i Østerdalen. Gro har vunne Landskappleiken to gonger. Alt Gro formidlar framstår som heilt ekte, ingen spor av jåleri, berre song med tusenvis av overtonar og små, fargeleggande trillar. Ho har ei silkemjuk røyst som glid inn i hjarterota di nesten utan at du merkar det. Gro er utdanna folkemusikar/musikkpedagog ved Høgskulen i Telemark og Norges Musikkhøgskole. Ho har hatt songlærarar som Sondre Bratland og Kirsten Bråten Berg.

Medverkande:

  • Gro Kjelleberg Solli – song og lyre

KJØP BILLETT »

Konsertar 2021
Start: Fredag 16. juli kl. 23.00
Slutt: Fredag 16. juli kl. 00.00
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: 200 kr