Engerdal-Bergen-Valdres/retur


Sivert Holmen, Johanne Mjøs og Sigrid Stubsveen er tre av dei fremste unge felespelarane i landet i dag. Vi sneiar innom Engerdal og Bergen. Rundt neste sving er vi i Valdres.

Saman og kvar for seg har dei travle spelemannsliv med konsertar rundt om i bygd og by. Sivert er på heimebane, men både Sigrid og Johanne har vore med som lærarar på Strunkeveko tidlegare. I år ryddar vi plass til ein intens klubbkveld med like intens dansemusikk på Slidrehuset med dei tre musikarane. Koronapandemien gjer at det ikkje blir dans til musikken, men lat att augo og la deg rive med i mentale dansesteg.

Sivert Holmen har studert folkemusikk, og han deltek jamleg på kappleikar. I dag spelar han i A-klassen på Landskappleiken, i tillegg er han ein god dansar. Johanne Mjøs frå Bergen er ein merittert utøvar frå ein musikarfamilie der far og bestefar har vore læremeistrar. Gjennom studiet på Noregs musikkhøgskole har ho jobba med den tradisjonelle slåttemusikken og samstundes utforska det store spennet i tradisjonsmusikken. Sigrid er felespelar frå Engerdal. Ho lærte å spela i spelemannslaget i heimbygda, seinare har ho studert musikk på vidaregåande og på Noregs musikkhøgskole. Når ho ikkje er på konsert i Valdres eller andre stader i Noreg, driv ho festivalen Heme Dine i Østerdalen.

Medverkande:

  • Sivert Holmen – hardingfele
  • Sigrid Stubsveen – fele
  • Johanne Mjøs – hardingfele/fele

KJØP BILLETT »

Konsertar 2021
Start: Torsdag 15. juli kl. 19.30
Slutt: Torsdag 15. juli kl. 20.30
Stad: Slidrehuset, Valdres folkemuseum
Pris: 200 kr