Driv II – ei framsyning av og med ungdom


Ei framsyning av og med ungdom!

Med kunnig rettleiing frå folkedansaren Ådne Kolbjørnshus og musikaren Andreas Skeie Ljones skal ei gruppe ungdommar frå Strunkeveko produsere og framføre ein konsert med dans og musikk. Her får ungdommane jobbe gjennom heile veka og lære seg kva som fungerer for publikum, korleis ein byggjer opp ei framsyning – både kunstnarisk og på andre måtar – og mykje anna. Driv II er eit framhald av Driv I frå 2019. Vi gler oss til å sjå kva dei dyktige ungdommane får til!

Medverkande:

  • Ungdommar på Strunkeveko

KJØP BILLETT »

Konsertar 2021
Start: Fredag 16. juli kl. 20.00
Slutt: Fredag 16. juli kl. 21.00
Stad: Festsalen, Valdres folkemuseum
Pris: 100 kr