Døgeniktenes debatt 2.0


Dans skal bryte – på kroppar, fyrst og fremst, men òg på fastlåste haldningar.

Under Jørn Hilme-stemnet 2021 er det borga for dans og bryting – og grubling. Dei to dansarane og døgeniktane Ådne Kolbjørnshus og Vetle Springgard diskuterer sitt eige tilvære i livet – gjennom dansen. Korleis går det eigentleg med det store livsprosjektet?

Kva ein døgenikt er? Ein døgenikt er ein som ynskjer å bryte opp i fastlåste strukturar og kalde mønster, men som likevel ikkje fiksar kunsten å ta i bruk evnene sine. Ein tung skjebne, vil vi meine, men som råkar den beste. Kjenner du deg att?

Gjer deg klar for finurlege og lattervekkjande observasjonar og eksplosiv folkedans, og kanskje eit par refleksjonar over eigen latskap.

Ådne Kolbjørnshus frå Vestre Slidre og Vetle Springgard frå Ål har gjennom dei siste ti åra bygd seg opp som profesjonelle folkedansarar. Saman leikar dei seg i brytningspunktet mellom teater, improvisasjon, dans og musikk – og meining. Med i dansen har dei komponist og musikar Andreas Skeie Ljones.

Medverkande:

  • Ådne Kolbjørnshus – dans
  • Vetle Springgard – dans
  • Andreas Skeie Ljones – musikk

Konsertar 2021
Start: Laurdag 17. juli kl. 14.00
Slutt: Laurdag 17. juli kl. 15.00
Stad: Briskeby ungdomshus, Fagernes sentrum
Pris: Gratis!