Kappleik junior


Kappleik er ein konsert utanom det vanlege! Kappleiken på Jørn Hilme-stemnet er sjølve rosina i pølsa.

Kappleiken på Jørn Hilme-stemnet er blant dei største i landet. Her møtest alle generasjonar frå heile landet for tevling og trivsel.

Når juniorane skal vise seg fram, går det ikkje stille for seg. Dette er ein publikumsmagnet der dagens talent møter entusiastiske tilskodarar.

  • Juniorklassane går av stabelen fredag 16. juli kl. 16.00 i Nord-Aurdal kulturhus på Fagernes.
  • Påmeldinga opnar laurdag 12. juni og du kan melde deg på heilt fram til onsdag 14. juli. 
  • Premieutdeling er sundag 18. juli kl. 14.00 på Valdres folkemuseum.

Til alle publikummarar: Det er gratis inngang til årets kappleik! 

Vel møtt! 

Kappleik 2021
Start: Fredag 16. juli kl. 16.00
Slutt: Fredag 16. juli kl. 18.00
Stad: Kulturhuset, Fagernes sentrum
Pris: 200 kr